Utstilling: Ramon Haiti Filiu

Ramon portrett 019

Vernissage / utstillingsåpning  –  onsdag 23. april 2014
kl. 19:00

fulgt av Arttalks – hvor Ramon blir intervjuet om utstillingen.

www.ramonhaitifiliu.com

Om Ramon Filiu
Ramon E Haiti Filiu sine forfedre på farsida, kom opprinneleg frå Jamaica og Nederland. Besteforeldra emigrerte til Cuba frå Haiti. Og då farmora hans fødde far hans, snakka ho so dårleg spansk at ho svarte feil på spørsmålet om etternamn. Ho trudde dei spurde kor ho kom frå, og såleis vart han heitande Ramon Haiti.
Som 13-åring på 1930-talet, fann han vegen til Havanna frå det fattige bondelandet i Pinar del Rio. Han var fast bestemt på å verta kunstnar til tross for og kanskje på grunn av, at han var nærast analfabet. Han vart i si levetid, ein av dei mest kjente skulptørane på Cuba.

ramon_bilde1
Sonen, Ramon Eduardo, gjorde som faren, bestemte seg tidleg for å verta kunstnar. Han er utdanna ved det mest kjente kunstakademiet på Cuba; San Alejandro i Havanna. Draumen var å verta skulptør som faren. Men i frykt for å verta ein dårleg kopi, gjekk han etter kvart sine eigne vegar og valde maleri som sitt uttrykk. – Eg har utdanna meg, men ingen kan gje meg den lærdommen som far min har gitt meg. Eg har dreve på med kunst sidan før eg lærde meg å gå. Då eg var liten, brukte far min å gje meg ei trekubbe og noko verktøy, slik at eg ikkje skulle forstyrra han medan han arbeidde.

Ramon E Haiti Filiu ynskjer å bringa meir varme og lys til oss nordbuarar. Hans fargerike maleri, fulle av afro-cubanske symbol, gjev også oss skandinavar meining og gjenkjenning. Ramon jobbar heile tida med ideen om å gjera forteljingane i bilda sine meir universelle utan at det går på bekostning av hans cubanske uttrykk. Faren sine skulpturelle former er med i uttrykket. Han nærast modellerer maleria sine med spartel og skapar ulike strukturar med oljemaling og element som t.d. tekstil og papir. Dette gjev maleria hans ei røff overflate og ein tredimensjonal verknad. Han er inspirert av impresjonismen. Han er oppteken av menneskleg kommunikasjon.
Han brukar mykje tid på å observera menneske. – Ansiktet viser aldri heile sanninga, men det gjer augo. Difor er eg oppteken av blikket i bildene. Augo gjenspeglar sjela.

Ramón

 

Les mer her: www.ramonhaitifiliu.com