Releasekonsert: BLAA «Hav og Fjell»

IMG_8799

BLAA består av songar Mari Klingen og pianist Gisle Haaland. Singelen «Hav og fjell» gis ut 4.september og det feires med konsert og gjesteartistar

torsdag 10.september kl. 21:00

billetter: kr 150 – kan kjøpes her:
eller ved døra

www.blaamusikk.no

Duoen BLAA består av Gisle Haaland og Mari Klingen. Dei møttes i Kristiansand hausten 2002, då dei begge studerte musikk ved Musikkonservatoriet. Saman har dei spelt seg gjennom musikkhistoria, frå Cole Porter til Chaka Kahn, og dei endte opp med å ville spele sin eigen musikk.

Mari er oppvaksen på Svorkmo i Sør-Trøndelag, og har alltid hatt eit varmt hjarte for heimplassen sin. Difor blei det fort naturleg for ho å skrive tekstar på si eiga dialekt. Heldigvis synast Gisle, som trødde sine barnesko på Sotra, at trønderdialekt er framifrå. Han følgjer Mari sine melodiliner som ein venleg skugge, og veit alltid kva slags akkord som passar best til stemninga dei er i. Slike ting kjem naturleg etter å ha spelt saman i mange år. Musikarane er trygge på kvarandre, og dei veit kor dei vil musikalsk. BLAA skriv om det nære i kvardagslivet, dei brukar ofte naturen i sine skildringar, og det går ein raud tråd frå by til bygd.

Den første låta deira var ein annleis julesong, «Desembervise», som dei slapp i november 2013. Gjennom songen treff vi ei jente som ikkje har den same julestemninga som «alle dei andre» har, men vi får og ta del i håpet hennar om å få starte på nytt, som vi ofte får i jule- og nyttårstider. På «Desembervise» har BLAA fått med seg fire andre dyktige musikarar, og ein av dei er også med på duoen sine neste utgjevningar.

BLAA har no teke med seg gitarist Anders Hofstad Sørås og filmskapar André Løyning og laga fire “live-i-studio”-filmar frå Gislaved Studio, avdeling Grünerøkka. I tillegg kjem det ein ny radiosingel til hausten, “Hav og fjell”. Kan relasjonar takle å bli skilt av både hav og fjell? Eller bristar sjølv dei sterkaste banda då? Dette, og fleire spørsmål får vi kanskje svar på når BLAA tek med seg gitarist Anders Hofstad Sørås og Johanne Flottorp på hardingfele og vitjar både by og bygd den kommande hausten!