Dei nye kapellananes saloon – 16. nov

Dei nye kapellananes Saloon er ein stad for musikalske eksessar og funderingar om dei store spørsmåla i livet. Saloonen er ein arena med det legendariske bandet og deira musikalske og litterære betraktningar, samt ein æresgjest som vil stå i ein utfordrande kontrapunktisk relasjon til orkesteret. Dei nye kapellanane består av Ragnar Hovland, Trygve Åslund, Lars Fredrik Beckstrøm, Jørn Mortensen, Arnte Maasø og Martin Hystad.

torsdag 16. november
kl. 19:00