Kampenjazz: Passe Planta

Søndag 3. mars kl. 20:00
Passe Planta

Ingrid Skåland Lia: alt- og sopransaksofon, Sigrid Aftret: tenorsaksofon, Lyder Øvreås Røed: trompet og kornett, Henrik S. Dalen: kontrabass, Torstein Slåen: gitar

Passa planta er eit nytt og spennande band med unge musikarar som fann kvarandre under studiane på Noregs musikkhøgskule. Bandet vart først samla i anledning bassist Henrik S. Dalen sitt eksamensprosjekt våren 2018. Dette resulterte i ein legendarisk konsert på Nasjonal Jazzscene og vart startskotet for bandets ferd vidare i den magiske verda av musikk og venskap. Musikken er tidvis svært strukturert, tidvis ikkje, tidvis kontemplativ, tidvis lett tilgjengeleg og uhøgtideleg, men ikke alltid! Den ber alltid preg av bandets felles ønske om å lage det dei sjølv kallar «ein stor musikalsk regnboge!».

Her er det noko for ein kvar smak!

kl. 20:00 – kr 200 / 150

Billetter kan kjøpes her

www.kampenjazz.com