Endelig boklansering: «Eit hemmeleg liv» av Sigrun Slapgard

Fredag 11. desember, kl. 20:00, livestream

Link til livestream/Facebook her.

Endeleg blir det boklansering for «Eit hemmeleg liv», ei ukjent krigshistorie om spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst.Hør barnebarnet Ole Kleppe og forfattaren Sigrun Slapgard fortelje om detektivarbeidet for å finne ut av bestefarens løyndomar i samtale med Anne Beate Hovind.Wilhelm Holst var forretningsmannen som drog frå Paris til fronten i Spania, og deretter opererte som alliert agent mot nazistane under den andre verdskrigen. Mens han stod midt i arbeidet for å redde flyktningbarn, betalte han i aprildagane 1940 den høgste prisen: Hans to unge søner blei skotne av tyske soldatar.Samlaget.