Foto: Geir Dokken
Gjermund Larsen Trio: "ANKOMST"
med Sondre Meisfjord og Andreas Utnem. Grappas debutantpris ble delt ut til Siri Nilsen.
"Det hjarta er fylt med fløymer fela over med" er eit munnhell som kan høve godt på denne unge felespelaren. Han har eit uvanleg breitt emosjonelt register i musikken – frå det briljerande virtuose til det milde og sarte.
Gjermund Larsen, f. 1981 i Verdal i Nord-Trøndelag, er ein raus spelemann og komponist som med folkemusikk-Noregs mest elegante strøk lett svingar bogen frå det eine feleprosjektet til det andre.
Det er i folkemusikken og aller mest i slåttane og visetonane etter Hilmar Alexandersen at Gjermund Larsens musikalske heimland ligg. Tonaliteten i det gamle spelet etter n’Hilmar taklar han på ein meisterleg måte, samtidig som han gjerne flørtar med nye stilar og kastar seg ut i improvisasjonar få gjer han etter.
Det er inga overdriving å sei at Gjermund Larsen er ein fornyar av klasse både som komponist og spelemann. Og talentet sitt låner han sjenerøst ut til dei mange som ynskjer å ha han med – enten det handlar om plater, konsertar eller teaterframsyningar. Gjermund har spelt i det finsk-norske Frigg, i Christian Wallumrød sekstett, med Odd Nordstoga og Maj Britt Andersen, og bluesmusikeren Reidar Larsen (2006). Gjermund tek diplomstudier ved Norges Musikkhøgskole.
Gjermund Larsen er grossist i prisar, han har blant anna vunne Landskappleiken klasse A vanleg fele to gonger, som historiens yngste i 2002, og fått Kongepokalen (2005). Gjermund vann Spelmannspris i 2003 med gruppa Majorstuen, og var nominert i samme klasse i 2007.
Konserten ble presentert i samarbeid med Norsk folkemusikkformidling: www.folkogdans.no
Trond Viggo Torgersen overrekker Grappas Debutantpris til Siri Nilsen.
|