Posted on

Jazz-Konsert: Crazy Moon

Crazy 3b

tirsdag 9. mai
kl. 19:30

Crazy Moon´s West Side Story (Curling Legs)

Guro Gravem Johansen, vokal

Torgrim Sollid, trompet

Håkon Storm-Mathisen, gitar

Sebastian Haugen-Markussen, kontrabass

Tirsdag 9. Mai slepp Crazy Moon albumet Crazy Moon´s West Side Story  (Curling Legs), med sleppkonsert på Cafétheatret, Grønland.  Utgjevnaden er støtta av Norsk Kulturråd.

Crazy Moon blei etablert I 1998, og har jazzens mainstream-repertoar som sitt kjerneområde. Vi  søker ikkje etter idiomatisk korrektheit, men forsøker heller ikkje å tvinge materiale inn i kontemporær eksperimentering. I staden lar vi det musikalske møtet mellom fire eklektiske musikarar spele seg ut og skape sin eigen sound. Besetninga opnar for eit dynamisk rom for improvisert interaksjon og avdempa intimitet.

I dette prosjektet har vi fordjupa oss å låtene frå musikalen West Side story med musikk av Leonard Bernstein og tekst av Stephen Sondheim. Musikalen tar opp temaer som migrasjon, etniske spenningar, fattigdom, identitet, ære, verdigheit og risikoen det medfører å  overskride sosiale skilnader. Alle relevante temaer I dag.

Vi har leikt med songane og sett vår eige preg på dei, med det underliggande dramaet i fortellinga i bakhovudet – men holdt på ei kjølig avstand. I vårt forsøk på å gjenfortelle West Side Story ønsker vi å unngå karikaturar og dramatiske verkemidlar, og i staden omfamne det musikalske materialet med vårt intime og improviserande jazzuttrykk. Saman med håpet om at det, ”somewhere and somehow”, skal finnast ein trygg stad for kvart einaste menneske.

Plata er spelt inn og miksa I Thor Neby Studio. Produsent:  Torgrim Sollid. Teknikar og co-produsent:  Thor Bjørn Neby.

Gå tilbake til programsiden her