
Gitarmannen
Fra
Hvor
Arrangør
Forestillinger:
Gitarmannen av Jon Fosse
Jon Fosses poetiske og rå monolog «Gitarmannen» vart i si tid skrive spesielt for skodespelar Bjørn Willberg Andersen. No, tretti år seinare, skal han endeleg gi stemme til teksten. Med seg har han nyskriven musikk av Lars Lillo-Stenberg.
Gitarmannen er ei forteljing om ein einsam gatesongar som står i undergangen og syng dei same songane, dag etter dag, medan folk går forbi. Han har ikkje mykje, men han har songen. Og ein gitarkasse som samlar myntar og minne. Men blir han høyrd? Og kva har han å seie når han ikkje syng?
Når vi møter han, har han gått inn på ein bar. Der begynner han å fortelje om seg og sitt, og om menneska han møter på gata. Og om det valet han no må ta.
Gitarmannens stemme er både sår og sterk. Gjennom tonar og ord får vi innblikk i eit liv levd på utsida, og med eit indre få har fått innblikk i. Det er ei tid for alt. Òg for gitarmannen.
Regi: Ida Høy
Musikk: Lars Lillo-Stenberg
Lysdesigner og visuelt konsept: Randiane Sandboe
Dramaturg: Lillian Bikset
Foto: Helge Hansen & Jonas Bostrøm / Montag





