Nynorsk scenespråksenter – etterutdanning for skodespelarar
Nyhet

Nynorsk scenespråksenter – etterutdanning for skodespelarar

Nynorsk scenespråksenter er ei etterutdanning i regi av Teater Vestland og eit nasjonalt tilbod for skodespelarar frå heile landet.

Gjennom etterutdanninga får skodespelarar styrkt kompetansen sin innan språk- og dialektovergang, med særleg fokus på nynorsknære dialektar.

Ein metode for alle dialektar

Metoden som blir nytta, er universell og kan brukast på alle dialektar. Han gir skodespelaren eit konkret og effektivt verktøy i arbeidet med språk og dialekt, og kan vere særleg nyttig i produksjonar der ein har avgrensa tid til språkovergangar.

Når skodespelaren kjenner metoden og er trygg på å bruke han, kan språkarbeidet bli både enklare og meir effektivt. Samstundes kan kompetansen gi større tryggleik på scena og gjere skodespelaren til ein ressurs for resten av produksjonen.

Kompetanseheving for skodespelaren er med andre ord også ein gevinst for teateret.

Kven kan søkje?

Tilbodet er retta mot skodespelarar frå heile landet. Teatersjefar og teater blir oppmoda om å dele informasjonen med skodespelarar i eigne ensemble og med andre skodespelarar som arbeider ved teateret.

Søknad og meir informasjon

På nettsida til Nynorsk scenespråksenter finn du meir informasjon om etterutdanninga og søknadsskjema: www.nynorskscenespraksenter.no

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Nynorsk scenespråksenter.

Dei gler seg til å bli kjende med fleire kollegaer frå teaterbransjen!