Dag-Filip Roaldsnes 4
Kim-Erik Pedersen- sax
Morten Barrikmo- klarinetter
Dag-Filip Roaldsnes- piano
Tore T. Sandbakken- trommer
I 2012 gav Dag-Filip Roaldsnes ut sitt debutalbum Først på Norcd. Albumet fekk gode kritikkar og fekk tittelen årets jazzdebut av Terje Mosnes i Dagbladet same år.
Dag-Filip Roaldsnes 4 har arbeida som band sidan 2010. Det er eit ensemble kor jazz, kunstmusikk og improvisert musikk smeltar saman til eit eige uttrykk. Sentralt stend komposisjonane til Dag-Filip Roaldsnes og musikarens fridom til å tolke og uttrykke seg i møte med desse komposisjonane. Det er eit samspel mellom det komponerte, det improviserte og det reflekterte. Klangflater, dans , poesi, melankoli; musikk som sjølvportrett, musikk som handverk, kunstverket som ide og forestilling.
Ensemblet arbeider med å forme improvisasjonar saman. Kollektivt samspel er alltid utgangspunkt for ensemblet. Vi skapar i eit no, alt skjer uhyre raskt. Impulsar, interaksjon, så variasjon og refleksjon. Å evne dette er komplekst og virtuost.
les mer i Dagbladet