Konsert: Bansal Band

Harpreet-Bansal-mindre

fredag 6. juni

Bansal Band spelar ny musikk av Harpreet Bansal med basis i den nord-indiske ragatradisjonen. I tillegg til Harpreet på fiolin består bandet av Andreas Bratlie (tablas og perkusjon), Adrian Myhr (kontrabass), Vojtech Prochazka (piano) og Javid Afsari Rad (santur).
Komposisjonane til Harpreet heng nært saman med ragatradisjonen ho har vekse opp med og arrangementa er laga i felleskap og under veiledning frå produsent Jan Martin Smørdal. Arrangementa byr opp til leik og improvisasjon og hentar inspirasjon frå alle utøvarane sine musikalske bakgrunnar samstundes som respekten for tradisjonen alltid ligg i botnen.
I Bansal Band er det rom både for melankolien, roa og verdigheita og det virtouse, engasjerte og energiske. Og med krafta til den indiske musikken i ryggen og eit sterkt fokus på formidling ønskjer bandet å nå ut til både eit norsk og internasjonalt publikum.