fredag 24. mai – fra kl. 20:00
Fredensborger sparkar i gong FREDDY-sesongen 2013 med eit brak.
– Og du og alle du kjenner er hjarteleg velkomne.
Inngang er gratis, men ta med nokre 200-lappar for å sikre deg ei t-skjorte til deg sjølv og til far din.
Det vert konsertar med det kritikarroste bandet Mhoo som nyleg slapp plate, i tillegg til Noregs finaste liveband Yoyoyo Acalpulco og våre venner i Family Values.
Fredensborger jobbar for eit berekraftig forbruk og ei meir rettferdig fordeling av ressursar. Vi samlar inn brukte t-skjorter, gir dei nytt trykk og sel dei igjen for 200 kroner. Pengane går til eit årleg valt utviklingsprosjekt.
I 2013 samarbeider vi med Utviklingsfondet om å støtte eit prosjekt med hovudmål å styrke kvinner sine rettar, inntektsmuligheiter og sosiale status i kooperativrørsla i Nicaragua.
mhoo:
http://www.dagbladet.no/2013/05/03/kultur/musikk/anmeldelser/musikkanmeldelser/mhoo/26943899/
Yoyoyo acapulco: