Kampenjazz // Camilla Hole Trio – 19. september

Foto: Tore Sætre

Søndag 19. september kl. 20:00, 230 kr/ 150 kr (Medlemmer, studenter, musikermedlemmer av Jazzforum)

Camilla Hole: saksofon, Alexander Hoholm: kontrabass, Knut Kvifte Nesheim: trommer/vibrafon

Camilla Hole Trio
Trioen startar med tanken om at den levande folkemusikken høyrer til framtida, ikkje til fortida. Musikken skal førast vidare, og skal sjå framover, og ikkje attende.

Trioen spelar i hovudsak folkemusikk frå Sogn og Fjordane, men óg ny musikk. Alle tre har bakgrunn frå både jazz og improvisasjonsmusikk, der dei spelar på instrument ein ikkje i første omgang ville knyte til folkemusikk.

Med eigne musikalske preferansar gjer dei nye tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane frå folkemusikken, musikk som er vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar og dei tres oppfatning av essensen i musikken, tilfører låtane noko ekstra.

Folkemusikk med framtid!